Lesaren melder
Juleavslutning på Fredagsklubben i Etne
LESAREN MELDER: Fredag 29. november vart siste Fredagsklubb før jul arrangert i Etne kyrkje. På programmet stod ei rekkje aktivitetar som borna kunne velje mellom. Det blei laga flott julepynt, bingobretta fekk prøvd seg, og det klikka i peparkakeformene på kjøkenet.
19 vaksne hadde ei særs triveleg oppgåve med å halde orden på 75 aktive ungar og arrangere ein svært vellukka kveld.
20 liter saft og meir enn 30 kilo graut sørga for at ungane fekk påfyll av energi. Av omsyn til allergiar blei den tradisjonelle mandelen bytta ut med lodd, og fire sjokoladefigurar blei lodda ut i staden for marsipangrisen, noko som førte til stor jubel blant borna.
Fredagsklubben er eit lågterskeltilbod for born frå 1. til 7. klassetrinn. Klubben arrangerer samlingar annakvar veke, og ein vekslar mellom 1.–3. klasse og 4.–7. klasse. Fredagsklubben held til på kyrkjetorget ved Etne kyrkje og Enge bedehus, som ligg i same bygg. For datoar og meir informasjon kan ein følgje gruppa Fredagsklubben Etne INFO» på Facebook.
Ansvarlege for Fredagsklubben ynskjer å rette ei stor takk til alle som stiller opp og hjelper til slik at tilbodet kan gjennomførast. Dei oppmodar fleire føresette, særleg frå 4.–7. trinn, til å bidra. Ferdige opplegg er tilgjengelege, men ein kan også kome med eigne aktivitetar. Ta kontakt via Facebook-gruppa for å bli med. Programmet startar klokka 18.00 og varer til 19.30. Kvar gong har klubben mellom 30 og 40 ungar, og fleire vaksne er velkomne til å bidra ein eller fleire kveldar.
Til slutt ønskjer klubben å takke for lånet av så mange flotte ungar. — Ein blir audmjuk når føresette viser oss slik tillit. Det varmar hjartet når borna kjenner oss igjen på fornamn, seier dei ansvarlege.
Inspirert av Cornelis Vreeswijk skriv dei:
— När inga ungar längre finns är allting slut
Vad är det då för mening om man står ut?
Visst har det blivit kaos i tidens lopp
Men så länge det finns ungar så finns det hopp.
Cornelis kan kvile i fred, for her i Etne kan me slå fast at — det er mycket hopp!
God jul frå Fredagsklubben i Etne!