Jazzduo klar for debutkonsert
Etter 20 år med snakk og to år med øving, er det endeleg klart. Onsdag 5. mars skal pianist Lasse Jarmer og vokalist Svein Sele halda sin første jazzkonsert saman.
Staden er Sjøperlo i Ølen, og både Jarmer og Sele er ganske så spente. Å halda ein jazzkonsert har vore ein draum dei har snakka om i mange år, men som aldri tidlegare har blitt realisert. Dei brukt mykje tid dei siste to åra på å utvikla eit repertoar, og no er tida endeleg komen.
Konserten, som for så vidt er open og gratis for alle, blir ei intim oppleving der det berre er Jarmer sitt piano og Sele sin vokal som skal fylla rommet. Musikken dei har valt ut er ei samling jazzklassikarar av det meir melodiøse slaget, kjende standardlåtar men ikkje nødvendigvis dei mest spelte.
Låt frå 1918