Odin Heggebø skal fortelle om korleis det er å vere transmann. Her ved valurna i Sandeid under stortingsvalet 2021. Ved urna Marianne Vestbø (t.v.), Harald Olav Stuhaug og Berit Aga Hustveit.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Jamt sig, men ingen kø tidleg på valdagen
Odin Heggebø (22) stemmer ved val for første gong. Han nytta seg ikkje av stemmeretten for fire år sidan, men denne gongen gjekk stemma hans til MDG fordi han har alltid vore opptatt av miljø og tenkt at grønt er best».
Grannar trefte han ved lokalkontoret i Sandeid ei stund etter at vallokalet hadde opna kl. 12.00 måndag. Her hadde så langt 50-60 vore innom samfunnshuset for å gjera si borgarplikt.
— Det har vore ein jamn straum frå klokka 12.00, var opplysinga frå dei valansvarlege.