Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Jakt på raude postkassar

Publisert Sist oppdatert
Barnas turlag har eksistert som junior-avdelinga til Etne turlag i ei årrekkje, men dei siste åra har det ikkje blitt gjort eller arrangert så mykje på den fronten. @
Det endra seg i oktober i fjor, då turlaget med sponsing frå Gjensidige skaffa eit sett knallraude postkassar, utforma av Den Norske Turistforening (DNT). Desse kassane har same formål som bøkene ein finn på kvar ein nut eller andre naturlege turmål: ein slepp namnet sitt oppi for å vise at ein har vore der. Det har slått an blant ungane.
— Dei er ivrige etter å finne den raude boksen til slutt, og det viser seg å vere ei flott kjelde til motivasjon. Det er premiering til dei som klarar fem boksar eller meir i løpet av året, og ein større premie til dei som klarar alle ti, fortel Siren Grindheim, styremedlem i Etne turlag.

Varierte turmål

Saman med vara-styremedlem Solvor Flatebø Grønstad snakkar ho med Grannar i sjønære omgjevnader på Osnes i Etne, på friluftsområdet til Olav Vik-stiftinga. Her står éin av dei ti postkassane, ved enden av ein av dei kortaste og enklaste turane på programmet.
Seinast var me på Frette, der ungane mora seg med å spikke og spele på seljefløyte.
Siren Grindheim, Etne turlag
Det er elles stor variasjon i plassering, terreng og lengd, og dei ni andre turane er som følgjer: Hjørnås ved Røde Kors-hytta, Drevåsen på Kyrping, postbrua i Skånevik, rundtur via hengebrua på Frette, ved Kårebu i Trommedalen, Vannes i Skånevik, Jettegrytenuten, Høylandsnuten, Varleite. Til Jettegrytenuten i Rullestad går neste organiserte tur for Barnas turlag, i august i sommar.
— Seinast var me på Frette, der ungane mora seg med å spikke og spele på seljefløyte. Me prøver å ha eit variert aktivitetstilbod på desse turane, og responsen har vore kjempegod frå både ungar og foreldre, seier Grindheim.
Her er det altså berre å hive seg på, er den klare oppfordringa. Elles står postkassane og ventar kva tid som helst i sommar. Frist for innsending av skjema, over kassane ein har besøkt, er 30. september.
Powered by Labrador CMS