Inviterer til sommarmarknad
Laurdag er det duka for Sommarmarknad på Bjoa. Denne gong med initiativtakar Herman Westerman og tre andre sambygdingar i spissen.
— Dette er tredje gong med Sommarmarknad på Bjoa. Bjoa Sanitetsforening har arrangert marknaden to år tidlegare, men i år hadde dei ikkje tid. Då eg forstod at det ikkje blei marknad fekk eg med meg tre personar i komiteen og me starta planlegging i mars, seier Herman Westerman som laurdag inviterer til Sommarmarknad på Helsehuset Kløvertunet på Bjoa saman med Kathrina Håvarstein, Line Andersen og Helena Hansmann.
Så langt har 14 utstillarar meldt sin interesse, og dersom vêret slår til slik det er meldt vil det bli boder både innandørs og ute i hagen.
— Blir det dårleg vêr må me prøva å pressa alle inne, men ved fint vêr blir me ute også, seier han.
Kaffikos og handel
Målet med marknaden er skapa ein samlingsstad for bygdefolket der dei kan koma saman for slå av ein prat og kanskje fylla handlekorga med lokale varer.
— Eg ønskjer at folk skal ha det koseleg i lag. Folk kan stikka innom og ta ein kaffi og snakka saman, i tillegg til at dei kan kjøpa litt. Eg håpar det kjem mykje folk, seier Herman.
Bjoa 4H stiller opp med sal av pølser, is og brus. Bjoa Sanitetsforening tilbyr sal av heimelaga kake og nykokt kaffi, og i dei ulike bodene kan marknadsgjestene finna alt frå heimelaga mat og dekorasjonar til planter og dekorative figurar til pynt i hagen.
— Lokale folk stiller opp. Det blir sal av stiklingar og planter. Fitzy´s Hagedekorskal selja betongfigurar og Ann Elin Frønsdal kjem med sjølvlaga korger og produkt i pil. Det blir sal av Bjoa-honning og surdeigsbakst av Marlen Bødtker og Fotofjosen skal selja bilde, seier mannen bak marknaden.
Sjølv har han planar om å ta med seg heimedyrka planter for sal.
Marknaden er gratis både for besøkjande og utstillarar, og huseigar Bjoa Sanitetsforening stiller lokalet til disposisjon vederlagsfritt.
Dugnad
Dugnadsviljen blant bjoabuen er stor og folk trør villig til for å hjelpa enten det skal arrangerast basarar, julemarknadar eller sommarmarknadar. Då Westerman starta planlegginga for årets marknad var det berre positive reaksjonar å spora og både private og lag stilte villig opp for bidra.
— Folk er flinke til å organisera ting. Ulike lag gjer litt og til saman blir det mykje, seier Westerman som sjølv er ein ivrig bidragsytar til det frivillige arbeidet i bygda.
— Dersom folk treng hjelp stiller eg opp. Det er kjempebra å ha det sosialt, seier Westerman.