Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen (t.v.) og banksjef Magne Christiansen i SpareBank 1 Sør-Norge.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Inviterer til lunsj om framtidsutsikter
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge skal leggja fram hovudfunn frå barometeret, medan Arvid Berge frå SpareBank 1 Markets gir ein status på rente- og valutamarknaden. Banksjef Anders Sørheim Hundseid tek pulsen på det lokale næringslivet.
I ei pressemelding viser arrangørane til at USAs president Donald Trump har endra spelereglane i verdshandelen. Dette forklarar dei med at auka tollsatsar fører til stor uvisse og store svingingar i finansmarknadene.
— Det er uvisse om vegen vidare, og vårt ferske konjunkturbarometer gir innsikt i korleis bedriftene vert påverka av tollkrigen, skriv arrangørane.