Åge Madsgård (t.h.) skal sjå Champions League-finalen mellom favorittlaget Liverpool og Tottenham live i Madrid laurdag. Ingvild Slåke og Gunnar Presttun samlar dei andre Liverpool-supporterane til familiedag med grilling og visning av kamp på storskjerm i Old River Saloon. — Visninga av kampen er open for alle, seier dei.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Inviterer til årets fotballkamp
Om du ikkje er supporter sjølv, har du sannsynlegvis ein ven eller ein kollega som heiar på Liverpool eller Tottenham. Og merka at dei siste dagane har dei byrja å oppføre seg meir og meir rart. Og det er ikkje så rart. For laurdag er det duka for ein heil-engelsk finale i Champions League.
Og det skal ikkje gå upåakta hen.
Liverbirds Etne og Vindafjord, som er namnet på Liverpool sin supporterklubb, inviterer for høvet sine medlemmer til både grillfest visning av kampen for heile familien på Old River Saloon i Etne.