Anne Berit Skipevåg Tveit har takka ja til å bli rektor ved Vikedal skule. Ho kjem frå undervisningsjobb ved Ølen vidaregåande skule.
Foto: Privat
10 Kjappe
Interessa for lokalhistorie kom i tenåra
På slutten av 80-talet var Anne Berit Skipevåg Tveit på besøk på ein gamal gardsplass i Fjellgardane. Ei varig interesse blei vekt då ho måtte førestilla seg korleis livet til dei som budde der utarta seg i gamle dagar.
I løpet av desember er både bygdebøkene frå Vikedal, samt sogeskriftsboka Vindetreet tilgjengelege for lesarane, og 45-åringen har vore med i begge prosjekta. Tveit fortel at det er ganske stor forskjell på arbeidet med desse bøkene. Mens arbeidet med bygdebøkene stort sett har dreidd seg om å skaffa fram gode bilete som skal forsterka teksten, har arbeidet med Vindetreet først og fremst handla om å få fram gode artiklar.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er ganske uthaldande, og eg meiner eg har høg arbeidskapasitet.