Torild Inger Børretzen i Galleri Skakke. Her skal ho snart stilla ut 30-40 akvarellar, og inspirasjonen denne gong har mellom anna vore kråka.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Inspirert av kråka
Første året i pandemien var Torild Inger rastlaus og reisesjuk. Ho måla reisedraumar og reiseminne, oppdikta gamle kulturbyar og ukjende landskap, og det gav henne glede. Ho fekk arbeidsro og blei produktiv. Det andre pandemiåret blei verre. Dette året opplevde ho at kjære venner, kollegaer og nær slekt døyr. Pandemien hindra henne i tillegg å komma saman med andre for å sørgja. Då kom kråka fykande inn i livet hennar.
— Kråka har alltid fascinert meg. Denne fuglen er klok, han er flott, men er også ein rovfugl med mykje uro i seg. Kråka har eit mangfaldig symbolinnhald som eg likar å bruka, og for meg har dette blitt eit kontrapunkt i komposisjonane mine. Utstillinga denne gong handlar om vår indre- og ytre natur. Eit livslangt tema, seier Torild Inger Børretzen.
I utlandet