Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bjelland og mannskapet held konsert i Ølen kyrkje torsdag 21. oktober.
Bjelland og mannskapet held konsert i Ølen kyrkje torsdag 21. oktober.

Inntar kyrkje-scena

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 21. oktober blir det konsert i Ølen kyrkje med musikkvintetten Bjelland og mannskapet. Dei fem som utgjer denne gruppa er alle erfarne musikarar. Sveinung Bjelland på gitar og vokal, og Jon Ørnes på banjo, dobro, mandolin, og gitar er det mange som kjenner frå Pakkers. Anders Lunde stiller på kontrabass, Arnt Ove Kvernenes spelar munnspel og Dagny Christophersen er både korist og vokalist.

Det var litt tilfeldig at dei i april i fjor samla seg i kyrkja for å spela inn Han tek ikkje glansen av livet. Bakgrunnen var nemleg covid-19 som sette ein stoppar for all aktivitet både i kyrkjene og på kulturfronten elles. Sandeidbuen Bjelland blei utfordra til å spela inn ein musikkvideo som skulle publiserast på kyrkja sine heimesider. Videoen ligg også ute på YouTube, og har så langt passert 15.000 visningar.

Bjelland og co. har i ettertid fått fleire oppmodingar om å halda konsert, og no når det endeleg er mogleg å gjennomføra slike arrangement for publikum igjen, skal det skje. Repertoaret består av Bjelland sine eigne songar, bluegrassongar, og salmar som har fått ein ny klang.

Powered by Labrador CMS