Svært få medisinstudentar og nyutdanna legar vil inn i fastlegeordninga. Helsedirektør Bjørn Guldvog er uroa for utviklinga.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Ingen» nyutdanna legar vil jobbe som fastlege
Berre 3 av 100 medisinstudentar og nyutdanna legar i Noreg trur dei vil jobbe som fastlege, melder TV 2. Det bekymrar helsedirektør Bjørn Guldvog.
– Det er ein veldig, veldig låg del. Dei vurderer det, men gitt den situasjonen vi har i dag er det berre 3 prosent som seier dei vurderer det, seier han.
100 kommunar står i dag utan ein einaste fastlege med ledig kapasitet.