Birger Martin Vik var den første som røysta ved vallokalet i Etne kulturhus måndag 13. september 2021. Hans røyst gjekk til Frp, eit parti han har følgt sidan han var i militæret i 1973 då han kom i prat med Anders Lange som var i ferd med å starta eit nytt parti. Valfunksjonæren (t.h.) er Frode Robberstad.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Ingen kø då vallokalet opna
Då Grannar var ved vallokalet i kulturhuset i Etne rundt kl 10.00, hadde tre røysteføre møtt fram. Det var med andre ord ingen kø, men etter kvart kom eit jamt sig av folk som ville ha eit ord med å laget ved årets stortingsval.
Også i Skånevik kunna folk gjera si borgarplikt frå klokka 10.00 medan vallokalet i Sævareid skule, som er tredje stad folk i Etne kommune kan røysta, opna klokka 15.00. Alle vallokala stengjer klokka 20.00, og éin time seinare får det norske folket ein indikasjon på kva retning stortingsvalet 2021 går då resultatet av alle førehandsstemmene blir offentleggjort.
Over 40 prosent av har denne gongen røysta på førehand, noko som er norsk rekord og ein indikasjon på at årets riksval engasjerer ekstra mykje.