Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
Ingen fyllefest i bunadsvest
Kva har blitt eit sikkert vårteikn i norsk offentlegheit? Og nei; då tenker eg ikkje på dårleg dømmekraft og manglande rolleforståing hos mektige menn i leiarstillingar.. Sjølv om desse sakene også dukkar opp med ujamne mellomrom. Faktisk tenker eg heller ikkje på den evige diskusjonen om bunadspolitiet. Kva som er lov og ikkje lov å gjere med bunaden. Kvart år det same.. Nokon spritar opp bunaden med ei fargerik skjorte og så er det i gong.. Kronikkar i begge retningar, og faktaboksar om kva som er innafor og ikkje.. Gjesp, eg klarar ikkje å engasjere meg i dette. La folk gjere som dei vil. Men gi ein lyd dersom det kjem ei strykefri bunadsskjorte på marknaden..
Jo, nå skal du høyre – eg tenker på ein relativt ny diskusjon som har marsjert taktfast inn kvar mai månad dei siste åra. Nemleg følgande i-landssak; kor tidleg på morgonen skal det skjenkast alkohol på restaurantar og utestadar på nasjonaldagen 17.mai..? Ja, dette må altså lokalpolitikarar rundt om i landet ta stilling til i desse dagar.
På ein dag som elles handlar om barnetog, bunad, norske flagg, korpsmusikk, is og pølse; ja då er det tydelegvis viktig å kjøpe alkohol tidlegast mogleg på morgonen. Komme i gong med festen! Det er inga tid å miste dersom ein skal vere på stigande rus i tide til barnetoget. Oslo har nå vedteke å utvide skjenketidene, slik at ein kan servere alkohol frå klokka åtte på morgonen. Og sjølvsagt kan ikkje den vestlandske hovudstaden vere noko dårlegare. Tvert imot, i Bergen er det lov med alkohol frå klokka seks (!) på morgonen.