Styreleiar i Etnemarknaden, Lasse Åsbø
Ingen Etnemarknad i 2026 - tar eit pauseår
Dei fire eigarlaga og styret har bestemt seg for å gå tilbake til teiknebrettet for å utvikla eit nytt og meir berekraftig arrangement i Etne. Målet er å skapa nye moglegheiter, nå nye målgrupper og samtidig ta vare på dei sterke verdiane marknaden har vore tufta på sidan starten i 1981.
Dei fire eigarlaga bak Etnemarknaden – Etne
idrettslag, Etne bondelag, UL Fram og Skakkesenteret – har saman med styret
kome fram til at marknaden tar eit pauseår. Avgjerda er tatt etter fleire år
med god aktivitet, men utan økonomisk overskot.
— Sjølv om sponsormidlane inn til marknaden har
auka dei siste åra, har me slite med å skapa økonomisk overskot. Det var ikkje
ansvarleg å fortsetja bruken av dugnadstimar og sponsormidlar på ein modell som
ikkje var berekraftig, seier styreleiar Lasse Åsbø.
Han understrekar samtidig at alle eigarlaga er
samstemte om ønsket om å halda fram – men i ei ny form.