Asgeir Berge og Ingemund Berge er far og son. Asgeir har budd nesten 40 år i Amerika, mens Ingemund har budd nesten heile livet sitt i Etne. Men røtene er sterke - det same er bandet mellom far og son.

Ny podkastepisode:

Ingemund og Asgeir – frå Etne og Amerika

Grannarpodden er tilbake med ein julespesial, der ein får bli litt betre kjent med far og son, Ingemund (87) og Asgeir Berge (60). Ingemund har budd i Etne nesten heile livet, mens Asgeir tidleg kjende på utferdstrong – noko som førte han til Amerika i 1987.

Publisert Sist oppdatert

I årets juleepisode av Grannarpodden møtest to livshistorier som tar utgangspunkt i same familie og same bygd, men som har fått svært ulike retningar. Ingemund Berge, fødd i 1938 og oppvaksen på Auastad i Sørbygda, representerer kontinuiteten i bygda. Eit langt liv med arbeid, politisk engasjement, friluftsliv og sterk tilknyting til Etnefjella har sett tydelege spor.

I studio deler Ingemund erfaringar frå eit liv der sauehald, bygningsarbeid og lokalpolitikk har gått hand i hand. Kjærleiken til fjellet kjem tydeleg fram, og han fortel om eit liv fylt av turar, skirenn og naturopplevingar.

Frå Etne til California

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS