Stian Magelssen starta som dagleg leiar i Fikse Næringsforening i mars. Han har treff ein del av dei nominerte bedriftene sidan han starta, og gler seg til å treffe fleire av dei på NæringsGIV.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Næringsliv
— Imponert over kva folk får til her
Stian Skarheim Magelssen (31) har kost seg i sine to første veker som dagleg leiar i Fikse Næringsforening. Han blir inspirert av kor sterkt det lokale næringslivet står.
— Eg er veldig imponert over kva folk får til i Etne og Vindafjord, seier dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening.
Han starta i jobben den første veka i mars og synest det har vore spennande. Foreininga er eigd av og representerer bedriftene i Etne og Vindafjord. Til saman har desse ei omsetning på rundt 25 milliardar kroner og 6 000 arbeidsplassar. Foreininga jobbar for at næringslivet skal ha best mogleg vilkår for vekst og utvikling.
På nettsida si skriv foreininga at dei jobbar for næringslivet ved å vere talerøyr overfor styresmaktene, hjelpe bedriftene med å finne dyktige tilsette og skape faglege og sosiale møteplassar.