Kristin Golf i Etne Venstre (bak til venstre), og Kari Aakra i Etne Senterparti (framme til venstre) la fram kvar sine endringsforslag i kommunedirektøren sitt forslag til vedtak i saka om Statnett ein endringssøknad for kraftleidning. Venstre og Framstegspartiet sto saman om eitt forslag, og Senterpartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti vann fram med sitt forslag. Her gjennomgår sakshandsamar Erik Kvalheim (ståande bak) saka. Foto: Grethe Hopland Ravn
Kristin Golf i Etne Venstre (bak til venstre), og Kari Aakra i Etne Senterparti (framme til venstre) la fram kvar sine endringsforslag i kommunedirektøren sitt forslag til vedtak i saka om Statnett ein endringssøknad for kraftleidning. Venstre og Framstegspartiet sto saman om eitt forslag, og Senterpartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti vann fram med sitt forslag. Her gjennomgår sakshandsamar Erik Kvalheim (ståande bak) saka.

Ikkje tilfreds med Statnett-utgreiing

Kari Aakra (Sp) og Kristin Golf (V) er saman med eit samla formannskap i Etne skuffa over at Statnett ikkje viser vilje til å koma med ei utgreiing av jord- og sjøkabelalternativet. Ein endringssøknad i kraftkabel-trasé er det einaste som ligg på bordet.

Publisert Sist oppdatert

Ein endringssøknad for kraftleidning Blåfalli – Gismarvik er no ute på høyring, og det er relativt små endringar i søknaden for Etne kommune sin del. Hovudtraseen for leidninga og systemløysinga er den same som tidlegare. Innspela om kabling og bruk av dagens trasé Sauda – Gismarvik er kommentert, men ligg ikkje inne i søknaden frå Statnett si side.

Kommunedirektør Bjørn Tollefsen uttalar seg om søknaden som ligg på bordet og er positiv til delar av planane, men ikkje til løysinga for strekninga Litledalen – Mostølen, der det er lagt inn diverse vilkår for vidare utgreiingsarbeid.

— Eg har limt inn tre paragrafar frå naturmangfaldlova, for eg synest ikkje det er godt nok i forhold til det som ligg i lovverket. Me bør minne om formalitetane. Statnett har ikkje skrive eller sagt så mykje om verknadane på inngrep i naturen, og det er summen av inngrepa og økosystemet som skal liggja til grunn for ei avgjerd. Då må det også visast. Når det er statlege etatar som bestemmer, må dei halda seg til dette lovverket. Dei seier dei skal bruka lovverket som alle andre, men då må det også få nokre skriftlege utslag, sa Erik Kvalheim som handsama saka for kommunen, då han informerte formannskapet tysdag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS