Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I full gang med nytt prosjekt frå Skjold til Vats: — Me hadde ikkje starta på dette utan samarbeidet

Publisert Sist oppdatert

— Nå legg me fire kilometer med ny hovudvassleidning. Det er eit samarbeid mellom Vindafjord kommune, Fagne og Haugaland Kraft Fiber. Fagne legg ned ny høgspentlinje og Haugaland Kraft legg ned fiber, fortel prosjektleiar for vassprosjektet i Vindafjord kommune, Willy Skulerud.

Den nye hovudvassleidninga skal i første omgang gå fram til Knapphus. I neste runde skal det byggjast ytterlegare ein kilometer med vassleidning fram til bustadfeltet på Knapphus. Det skal også byggjast eit høgdebasseng mellom Skjold og Knapphus.

Bakgrunn for vassprosjektet er nye krav til reservevatn. I drikkevassforskrifta sitt avsnitt om leveringssikkerheit heiter det at vassverkeigar skal sikra at det finst ei alternativ vassforsyning som opprettheld leveransen av drikkevatn når den ordinære vassforsyninga sviktar. Alternativ drikkevassforsyning inkluderer reservevassforsyning og/eller naudvassforsyning, og skal sikra at alle abonnentane får levert tilstrekkeleg mengder drikkevatn til ei kvar tid.

Powered by Labrador CMS