Ein ny studie på hummarbestanden syner at nedgangen er mykje større enn tidlegare estimar har vist.
Foto: Kari Hamre / NPK
Hummarbestanden ned 92 prosent på 90 år
Tidlegare har forskarar estimert korleis hummarbestanden utviklar seg ved at eit utval hummarfiskarar rapporterer inn fangstane sine til Havforskingsinstituttet.
Forskarar har rekna ut eit årleg gjennomsnitt ut frå kor mange humrar ei teine fiskar i eit døgn. Denne overvakinga går heilt tilbake til 1928.
— Men i dette reknestykket har ein ikkje tatt omsyn til at ei teine i 1928 ikkje fiska hummar så effektivt som ei teine gjorde på 2000-talet. Det har vore ei rivande teknologisk utvikling, seier Havforskingsintitutt-forskar Alf Ring Kleiven.