Lesaren melder
Hoppa for hjartet
LESAREN MELDER: Frå 29. april til 8. mai markerte Nasjonalforeningen for folkehelsa Hjarteveka 2024. Hoppetaukonkurransen Hopp for hjertet» har i år engasjert over 100.000 born frå over 100 skular over heile landet. I Hordaland deltok rundt 12.300, og elevar frå 4. til 7.klasse deltok ved Skånevik skule. Målet med konkurransen er å inspirera til auka fysisk aktivitet, glede og fellesskap i skulen, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen.
Mangeårig hoppegeneral ved Skånevik skule, Kari Johanson opplyser at det har vore mange ivrige hopperar. Kvar klasse samlar poeng som gruppe. Klassane registrerer kor mange minuttar dei hoppar, og får eitt poeng per minutt klassen har vore aktiv alle dei 7 dagane konkurransen pågjekk. Når konkurransen er ferdig, sender læraren inn den totale poengsummen til Nasjonalforeningen for folkehelsen, som kårar ein nasjonal vinnar. I tillegg kårar kvart av våre fylkeslag vinnarar i sitt område, så det blir mange vinnarar over heile landet. Vinnarklassen vert og premiert med 1000 kr frå Skånevik Helselag, og i år var det 5. klassen som gjekk av med seieren. Gratulerer!
Den tradisjonelle hjartemarsjen gjekk og av stabelen 8. mai. Nesten 100 elevar, lærerar og andre vaksne gjekk den faste ruta og møtte smilande representantar frå Skånevik Helselag som spanderte saft og frukt halvegs i løpet. Premier til vaksne var handlenett, og Ines i 3.klassen vart trekt ut av elevane. Ho kan invitere med seg ein ven og kosa seg med pizza frå Fjordhotellet.
Sigrid Bøthun
Skånevik Helselag