Høgt og plagsamt
Natt til sundag, første helga i 2009, har Haugaland og Sunnhordland politidistrikt loggført heile sju […]
Natt til sundag, første helga i 2009, har Haugaland og Sunnhordland politidistrikt loggført heile sju saker som går på plagsam høg musikk. Dei fleste sakene er i Haugesund og Karmøy, men også
Grannar-distriktet står på lista.
Kl 02.15 blei politiet varsla om høg musikk frå ein bustad i Etne. Innringjar hadde sjølv prøvd å få huseigar til å dempa musikken, men utan at det førte fram. Først då politiet kontakta huseigaren på telefon, blei musikken skrudd ned.