Camilla Tveit og Kristian Aass var aldri tvil om at det var Skjold dei ville slå seg ned. Emil (1) er blant dei mange barna som skal starte i Skjold barnehage til hausten der det blir opna ei ny avdeling på grunn av mange barn i bygda. Ronja Marie (5) med hatt går i barnehagen, medan Vilde Kristin (7) går på Skjold skule.
Foto: Jon Edvardsen
Her må dei utvide barnehagen
Skjold og Sandeid er vinnarar i vekst i Vindafjord. — Vi er begge oppvaksen i Skjold og det var ikkje diskusjon om vi skulle bu nokon annan stad enn Skjold, seier Camilla Tveit.
Med i vi er ektefellen Kristian Aass, og resten av familien er tre barn som går i barnehagen og skulen. Camilla Tveit (31) og Kristian Aass (34) er i ein vanleg alder for å etablere seg.
Skjold er i vekst, og det slår blant anna ut i at Skjold barnehage utvidar med ei avdeling på grunn av pågangen av barn som vil ha plass. Barnehagen er dermed oppe i åtte avdelingar, og er med det den største i distriktet.