I sin nye hagedam har Atle Aas god plass til å segla med sine heimelaga radiostyrte kanalbåtar.Foto: Irene Mæland Haraldsen
I sin nye hagedam har Atle Aas god plass til å segla med sine heimelaga radiostyrte kanalbåtar.
Hagedammen har slusesystem i begge endar.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Hagedammen har slusesystem i begge endar.
Slusene har Atle Aas bygd i tre medan murane langs kanalen er bygd av småstein.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Slusene har Atle Aas bygd i tre medan murane langs kanalen er bygd av småstein.
Sluseportane er kopi av ekte sluser.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sluseportane er kopi av ekte sluser.
Heimelaga kanalbåtar bygd i tre etter model av kanalbåtar i England. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Heimelaga kanalbåtar bygd i tre etter model av kanalbåtar i England.
Vatn blir ført frå ein bekk og inn i slusesystemet.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vatn blir ført frå ein bekk og inn i slusesystemet.
Atle Aas og Marta Onstein kosar seg i sin flotte hage.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Atle Aas og Marta Onstein kosar seg i sin flotte hage.
Eit gamalt jernfat har fått nytt liv som hagedekor i hagen til Atle og Marta. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Eit gamalt jernfat har fått nytt liv som hagedekor i hagen til Atle og Marta.

Bygg og bu

Heimelaga hagedam til glede for store og små

I enden av hagen heime i Litledalen i Etne har Atle Aas (65) laga sin eigen hagedam med både slusesystem og kaianlegg. Her kan han segla med sine heimelaga radiostyrte kanalbåtar og leika seg saman med barnebarna når dei kjem på besøk.

Publisert Sist oppdatert

Å byggja sin eigen hagedam er ein draum for mange hageeigarar. Men medan dei fleste ser føre seg ei lita vassfylt grop med plass til ein liten fontene og nokre vassplanter, har Atle Aas tatt steget litt vidare og bygd seg ein liten innsjø komplett med sluseanlegg, kaiplass og sandstrand. Ideen til damanlegget dukka opp etter ein kanalbåtferie i England for eit par år sidan. Vel heime sette Atle i gang med å byggja sin eigen kanalbåt nett like den han og kona Marta Onstein segla med då dei ferierte langs dei engelske kanalane. Den vesle kanalbåten blei bygd i tre i skalaen 1:30 og installert med radiostyrt motor. Men sjølvsagt måtte den vesle trebåten ha ein stad å segla. Ekteparet som er busett i Litledalen i Etne har kort veg til Litledalsvatnet, men å ha ein liten dam i hagen ville vore enda betre. Og sidan Atle i tillegg er svært interessert i sluser, blei løysinga å byggja ein hagedam med eit eige slusesystem og med god plass til å køyra radiobåten.

Ein ovalt hol blei grave ut i bakken nedanfor huset, forskaling blei snikra og betong blanda.

— Eg har grave ut alt for hand og støypte dammen i fjor haust. Eg lånte blandemaskin av naboen, seier Atle som fekk god hjelp av kona når sand og sement skulle blandast.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS