Næringsliv
Heidra for AutoStore-eventyr
— AutoStore-reisa dei siste tiåra er eit unikt industrieventyr. For oss som følgjer logistikkbransjen tett, er dette ei av dei mest fascinerande innovasjonshistoriene i moderne norsk industri, seier Glenn Lund, redaktør i Logistikk Inside og medlem av juryen.
Jakob Hatteland og Dag-Adler Blakseth fekk prisen under festmiddagen på konferansen Transport & Logistikk 2025 på Gardermoen måndag 27. oktober. Konferansen blir arrangert av NHO Logistikk og Transport i samarbeid med Norske Hamner, og samla rundt 700 deltakarar.
Moderne Transport-prisen har blitt delt ut sidan 1969 og blir gitt til ein eller fleire som har utmerkt seg innan transport og logistikk. Prisen blir delt ut av fagtidsskriftet Moderne Transport – Logistikk i praksis. Juryen for årets pris bestod av fjorårsvinnar Henning Aandal frå Onrail, dosent Eirill Bø ved BI, Heidi Bergsveen frå Logistikkforeininga og Glenn Lund frå Logistikk Inside. Redaktør Øyvind Ludt i Moderne Transport var juryens sekretær.