Håvard Ersland, musikar på heiltid. Trakterer tangentar, trø orgel og vokal samstundes som han flørtar med publikum.
Håvard Ersland.

Håvard Ersland Trio kjem til Sjøperlo Hall

På kvelden onsdag 16. november blir det jazzmusikk med store mengder speleglede og god stemning på Sjøperlo Hall. Håvard Ersland Trio består av bandleiar og pianist Håvard Ersland som kjem frå Imsland, Stian Andreas Egeland Andersen på kontrabass og Axel Skalstad på trommer. Musikarane Håvard har med seg i bandet er ettertrakta frilandsmusikarar og er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen. Trass sin unge alder er dei nærast telepatisk samspelte, heiter det i eit presseskriv. Musikken og komposisjonane vert krydra med detaljar og eit stort musikalsk overskot, i tillegg til ein solid porsjon speleglede. På føremiddagen torsdag 17. november inviterer den kulturelle spaserstokken til gratiskonsert for dei eldre. Då blir det gla’jazz frå trioen.
Powered by Labrador CMS