Therese Nesheim (H) og Håvard Rørtveit (H) følgde valresultata frå kommunen og resten av landet. Dei kunne glede seg over at Høgre blei Noregs største parti ved eit val for første gong sidan 1924.
FOTO: Svein-Erik Larsen
Håvard (24) blir Vindafjord sin mann i fylket
Som nummer 14 på Høgre si valliste til fylkestingsvalet blei sandeidbuen Håvard Rørtveit (24) den siste representant partiet fekk inn i Rogaland. Nå håpar han å vere med på å sikre ei ny linje til Ølen vidaregåande skule (vgs).
— Eg trur det blir spennande å sitte i fylkestinget. Det blir ein litt anna måte å jobbe på enn det eg gjer i kommunestyret. Her må ein jobbe litt meir langsiktig og strategisk, heller enn med enkeltsaker. Ein må sjå fylket i ein felles samanheng, seier Håvard Rørtveit (H).
Sandeidbuen sit i dag i kommunestyret i Vindafjord og er medlem av utval for oppvekst og omsorg (OPOM). I kvardagen er han student på Universitet i Bergen.
Lite søvn
Det blei ein spennande måndagskveld for Rørtveit. Han var med på den felles valvaka i Vindafjord på rådhuset i Ølen. Der heldt han eit auga på både kommunevalet, fylkestingsvalet og dei samla nasjonale resultata. Nasjonalt kunne Høgre-gruppa juble for å ha blitt Noregs største parti ved eit val for første gong sidan 1924, mens dei verka litt skuffa over å ikkje ha greidd å vekse frå dagens fem mandatar i kommunestyret. Kva gjeld fylkestinget blei det neglebiting for Rørtveit.
— Eg låg vaken i natt til dei hadde talt opp alle stemmene. Det var mitt mandat som stod i fare, så nå er eg litt letta, fortel sandeidbuen.
I fylkestingsval er det tillate med personstemmer, men ei sperregrense på åtte prosent gjer at det i praksis blir dei rekkefølgene partia har sett opp sjølv, med mindre nokon kandidatar får heilt ekstraordinært mange personstemmer. På tysdag blir det gjort finteljing av stemmene. Rørtveit har fått høyre at det siste mandatet, som sikrar han plass i fylkestinget, er ganske trygt, med cirka 1.500 stemmer i margin. Han understrekar likevel at mandatfordelinga ikkje blir 100 prosent stadfesta før tysdag kveld.