Jan Håland, leiar av fiberverksemda i Haugaland Kraft, meiner det planlagde fibernettet vil få stor betydning for næringsutviklinga i regionen.Pressefoto
Haugaland Kraft bygger fiber over Nordsjøen til England
Haugaland Kraft, Hatteland-konsernet og andre partnare etablerer ein europeisk fiberring som skal styrke Noreg som datasenternasjon. Det dreier seg om store investeringar.
Prosjektet går ut på bygga ein ny 700 kilometer lang fiberkabel mellom Noreg og Storbritannia. Med transportkapasitet på inntil 160 terrabits per sekund vil den undersjøiske fiberkabelen auka datakapasiteten mellom Noreg og utlandet betydeleg, går det fram av ei pressemelding frå Haugaland Kraft.
Kabelen til England blir ein del av eit større fibernettverk som Haugaland Kraft saman med partnarar etablerer. Euroconnect-1 som er namnet, skal sørgja for ein robust og førsteklasses digital infrastruktur. Nordsjøkabelen og leigd fiberkapasitet i Europa er sentrale brikker i Euroconnect.
Breitt samarbeid