Har tatt på seg stort ansvar
Tøffe økonomiske utfordringar til tross. Den ferske styreleiaren i det nye eigar- og driftsselskapet Skakke SA meiner vinden er i ferd med å snu for Etne si storstove.
Torsdag kveld i førre veke vart Ståle Tungesvik vald til styreleiar for Skakke SA. Eit samvirke som etter fusjonen av tidlegare Etne Kulturhus AS og Etne Kulturhus SA no får ansvaret for å få økonomien på skinner for den hardt prøvde bygdestova» i Etne.
Tungesvik ser på det som ei ære å bli spurt om å ta kapteinsrolla.
— Førespurnaden kom då eg var på ferie på Kreta, det vart nokre litt annleise feriedagar enn eg hadde sett føre meg. Men eg landa på at eg hadde både lyst og høve. Dessutan har ungane flytta ut, og den einaste hobbyen eg brukar tid på elles er å spela klarinett i musikklaget kvar måndag, så då har eg god tid til å halde på med dette, seier han.