Tobias Aarekol i 2021.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Har mål om å bli blant landets beste
Godt plassert i tv-stolen heime i stova i Litlehagen i Ølen sit Tobias Aarekol framfor tv-skjermen og kikkar spent på langrennseliten som kjempar om medaljar under årets verdsmeisterskap i alpebyen Obersdorf i Tyskland. Førebels må han nøya seg med å følgja konkurransen frå tv-ruta, men går alt etter planen er det kanskje han sjølv som er å finna i den internasjonale løypa om nokre år.
— Eg har lyst til å koma meg opp i noregseliten, seier Tobias Aarekol målretta og heiar på dei norske utøvarane.
16-åringen frå Ølen har alltid hatt interesse for idrett, og har stått på ski sidan han lærte seg å gå. Sitt første skirenn la han bak seg alt i to-års alderen og sidan har det blitt mange skirenn og lange treningsøkter. Vinterstid er det skigåing på ekte snø som gjeld, og om sommaren finn han fram rulleskia eller tek seg ein løpetur.