Leiar i viltnemnda i Etne, Eivind Frette, oppmodar folk til å ha fokus på sikkerheit rundt jakta. ARKIVFOTO
10 Kjappe
Har alltid likt haustjakta
Vervet som ny leiar i viltnemnda synest Eivind Frette er både kjekt og spennande, for han har alltid vore glad i både jakt og forvaltning. Å vera med på haustjakta har han alltid likt, enten som påheng» med faren då han var liten, eller som jeger. Dei siste 15 åra har han jakta aktivt sjølv, og det er noko han prioriterer i ein elles travel vekeplan.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg jobbar godt under stress og press.