Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Solveig Christensen er glad i utsikta i hagen, som vender mot Åkrafjorden. Her kjem sola litt seint om morgonen, men dei har henne lenge om kvelden.Foto: Anita Haugland
Solveig Christensen er glad i utsikta i hagen, som vender mot Åkrafjorden. Her kjem sola litt seint om morgonen, men dei har henne lenge om kvelden.

Har aldri før sett finare blomstring

Publisert Sist oppdatert

Dei har akkurat komme heim frå Danmark, Solveig Christensen og Jon Arne Markhus. Der har dei feira faren til Solveig sin 85-årsdag. Ho er nemleg oppvaksen på ein gard på idylliske Fyn. Det er kontrastfylt å bu på ein gard i ei bratt fjellside på Øvre Markhus i Åkrafjorden, men idyllisk er det her også. Spesielt på ein varm seinsommardag i august, då Grannar er på besøk.

— Jon Arne er vaksen opp her, og me budde først i eit gammalt hus der han budde i barndommen. I 2006 reiv me dette huset, og bygde nytt ved sida av, fortel Christensen.

Huset ligg like i nærleiken av parkeringsplassen der Haugesund turistforening har merka opp éin av stiane til Sandvasshytta. Då dei bygde det nye huset, blei det plassert slik at dei fekk utsikt mot den vakre Åkrafjorden. Tomta rundt huset blei jamna ut, og i løpet av åra har paret opparbeidd både kjøkkenhage og fargerike, blomstrande bed.

Powered by Labrador CMS