Elisabeth Kallevik Nesheim og Bjørn Steinar Nesheim driv Nesheimstunet AS saman.
Arkivfoto: Renate Sævareid
Håpar å finna kundar og inspirasjon
Det er Rogaland fylkeskommune som tilbyr studietur saman med femten andre inviterte mindre verksemder. Elisabeth Kallevik Nesheim (64) takkar ikkje nei til det, og ho ser fram til deltakinga.
— Me var der på vegne av Fjord Norge i 2013 og 2014, samt ein næringslivsdelegasjon òg i 2014. No får me vera der saman med andre flotte representantar frå Nord-Rogaland, seier ho.
Ho driv Nesheimstunet AS saman med ektemaken Steinar Nesheim (64), og ho tykkjer det er veldig fint å bli invitert på denne måten kor ho kan knyta kontaktar både med moglege kundar og leverandørar. Grüne Woche er med åra òg blitt ei reiselivsmesse, og det passar godt for ekteparet Nesheim.