Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er glad for at Statsforvaltaren har trekt motsegn mot mellom anna den planlagde turvegen Olalira-Rus. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er glad for at Statsforvaltaren har trekt motsegn mot mellom anna den planlagde turvegen Olalira-Rus.

Grønt lys til turveg

Publisert Sist oppdatert

— Eg er strålande fornøgd, seier Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).

Ho avslørte nyheita på eit vegmøte i Vindafjord rådhus, der leiar Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i transportkomiteen var gjest.

To hyttefelt

Ordføraren fortel at avgjerda til Statsforvaltaren kom under eit møte torsdag. Det enda med at alle tre motsegnene mot arealdelen i kommuneplanen blei trekte. I tillegg til den planlagde turvegen mellom Olalia og Rus har Statsforvaltaren tidlegare klaga på Krokavatnet hyttefelt og eit hyttefelt på Osnes. No er desse motsegnene altså vekke.

— Det var jubel på tinghuset, fortel Bergsvåg Ekrheim.

Vedtas i desember

Ifølgje ordføraren ligg det åtte års arbeid bak før ein kan få til denne kommuneplanen. No er det klart for politiske vedtak i desember. Etne har sitt siste formannskapsmøte for året 3. desember og kommunestyremøte 10. desember.

Turvegen mellom Olalia og Rus går gjennom både Etne og Vindafjord, men den største delen er i Etne. Arne Gunnar Habbestad i Ølen IL, som står bak søknaden, uttala i februar at idrettslaget ventar på behandlinga i Etne før dei set i gang prosessen i Vindafjord. Fredag fortel Habbestad at dei er glade for at Statsforvaltaren i Vestland har trekt motsegna sine.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim sprak nyheita i ei bisetning under eit møte om veg i Vindafjord rådhus. Her med Morten Helland i Medvind24 Næringshage.
Powered by Labrador CMS