Norbygata Engros AS trekkjer Vital grøn te sitron produsert i Pakistan med ingrediensar frå Kina. Årsaka er funn av fleire plantevernmiddelrestar over grenseverdi. Foto: Mattilsynet / handout / NTB / NPK
Norbygata Engros AS trekkjer Vital grøn te sitron produsert i Pakistan med ingrediensar frå Kina. Årsaka er funn av fleire plantevernmiddelrestar over grenseverdi.

Grøn te med sitron blir trekt frå marknaden etter funn av plantevernmiddel

Publisert Sist oppdatert
Norbygata Engros AS trekkjer tilbake Vital grøn te med smak av sitron frå Pakistan etter funn av restar av plantevernmiddel over tillaten grenseverdi.

Produktet er selt i frittståande daglegvarebutikkar over heile Noreg, og Norbygata Engros AS ber forbrukarar som har kjøpt produktet, om å levere det tilbake til butikk, opplyser Mattilsynet i ei pressemelding.

Ifølgje Mattilsynet er det gjort funn av fleire plantevernmiddelrestar over grenseverdi i produktet, der fleire ikkje er godkjende i EU.

Helsefaren kan ikkje vurderast og dermed heller ikkje utelukkast, skriv Mattilsynet.

Teen er seld i glas på 100 gram og har best før-dato juli 2026.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS