Grethe Hopland Ravn.
Foto: Rina Aspmo
På tampen
Grethe-Potete’
Kjært barn har mange namn, men berre éi har fått æra av å bli kalla Grethe-Potete’» – og det er meg. Eg har fått drassa kallenamnet mitt med meg gjennom livet som ein slags tittel, ein livsfilosofi, og eit varig barndomstraume med eit snev av næringsverdi.
No skal det seiast at eg aldri har følt meg mobba – i alle fall ikkje på anna vis enn det ein kan kalla godlynt erting, men det var ein sport på vår tid. Ingen fekk sleppa heilt unna, og kallenamn var både ei ære og ein dom. Runar-Punar, Aud-Paud, og Frode-Kommode, var litt av banden i gata – og så Grethe-Potete’ då.
Eit namn så seigliva at det, i motsetning til Frode-Kommode, aldri har gått av moten.