Norsk Tipping-direktør Tonje Sagstuen. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Norsk Tipping-direktør Tonje Sagstuen.
Vålerenga Fotball er blant foreiningane som får mest pengar frå Grasrotandelen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Vålerenga Fotball er blant foreiningane som får mest pengar frå Grasrotandelen.

Grasrotandelen større enn nokon gong – 858 millionar til lag og foreiningar

32.000 lag og foreiningar Noreg rundt får til saman 858,5 millionar kroner frå Norsk Tipping gjennom Grasrotandelen for 2024.

Publisert Sist oppdatert

Summen er rekordhøg og representerer eit løft på heile 64,3 millionar kroner frå 2023.

Grasrotandelen er ei ordning der Norsk Tippings kundar sjølv får bestemme kven som skal få delar av overskotet til selskapet. Inntil 7 prosent av det kundane kjøper pengespel for, hamnar hos lag og foreiningar innan kategoriar som dyrevelferd, humanitære organisasjonar, kultur og idrett.

Idretten er den mest populære kategorien og får 431,6 millionar av grasrotmidlane frå 2024. Enkeltmottakaren som får flest kroner, er Foreningen for omplassering av dyr med 4,6 millionar kroner.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS