Grannar-gjengen ser fram til å få nye system og ny nettside på plass. F.v.: Renate Sævareid, Grethe Hopland Ravn, Arve Skogen, Ann Margit Grønstad, Svein-Erik Larsen og Per Kristian Grindheim. Irene Mæland Haraldsen og Randi Bjelland Ronæs var ikkje til stades då biletet blei tatt.
Grannar-gjengen ser fram til å få nye system og ny nettside på plass. F.v.: Renate Sævareid, Grethe Hopland Ravn, Arve Skogen, Ann Margit Grønstad, Svein-Erik Larsen og Per Kristian Grindheim. Irene Mæland Haraldsen og Randi Bjelland Ronæs var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Grannar fornyar seg

2.desember kjem Grannar.no i ny drakt.

Publisert Sist oppdatert

Grannar er for tida i prosess med å skifte ut det meste av tekniske system, blant anna abonnementssystem og publiseringssystem. Grannar sine lesarar og abonnentar kjem ikkje til å merke så mykje til endringane, anna enn at nettsida vil få ein litt annan visuell profil.

Innlogginga for dei fleste abonnentane vil vere den same, med same brukernavn og passord. Nokre kan måtte lage seg eit nytt passord.

— Dersom nokon treng hjelp, er me tilgjengelege på telefon, e-post eller på kontoret vårt i Etne senter. Det er berre å ta kontakt om det skulle vere noko, seier dagleg leiar i Grannar, Arve Skogen.

Blir ein del av Mentor Medier

Prosessen med utskiftinga av system starta for ei stund sidan, og gjengen i Grannar har jobba lenge for å få til dette. Med dei nye systema på plass, blir Grannar ein del av Mentor Medier.

— Dette er ei stor investering for Grannar. Målet er at avisa skal bli meir brukarvennleg for abonnentane våre, samtidig som me heng med i den teknologiske utviklinga. I Mentor Medier blir me òg del av eit større avisfellesskap, noko me trur vil vere bra for Grannar, seier Skogen.

Andre aviser som er ein del av Mentor Medier er blant anna Grenda, Ryfylke, Vesttelemark Blad og Hordaland Folkeblad.

Gir fleire mogelegheiter

Redaktør i Grannar, Ann Margit Grønstad, fortel at redaksjonen ser fram til å kunne tilby lesarane ei meir moderne nettavis.

— Med det nye publiseringssystemet Labrador får redaksjonen mykje fleire moglegheiter enn det me har i dag, og me vil heile tida kunne ta i bruk nye funksjonar som blir utvikla. Me er veldig fornøgde med å få dette på plass, og me gler oss til 2. desember. Me har trua på at dette vil gi lokalavisa vår eit skikkelig løft, seier Grønstad.

Papiravisa skal også over ein ny produksjonsprosess, men vil kome ut som normalt torsdag kvar veke.

Powered by Labrador CMS