Ekstremvêret Jakob
Grannar følgjer ekstremvêret
Ekstremvêret Jakob pregar Etne og Vindafjord torsdag.
Statens vegvesen melder at det er flaum på E134 på Eikeland i Vindafjord. I ei trafikkmelding skriv Vegvesenet at flaumen starta torsdag klokka 07.55. Per klokka 09.15 er sluttida rekna til å vere klokka 15.55.
Oversvømming og ras
Ein tipsar i området cirka 09.15 fortel at det er oversvømming mellom Blikrabygd-krysset og Knapphus, samt i busslomma på Eikelandsmyrane mellom Aurdalskrysset og Ølensvåg. Ifølgje tipsaren er Vegvesenet på plass.
I ei anna trafikkmelding melder Vegvesenet om oversvømming på Fv46 Flåtene i Vindafjord, mellom Sandeid og Vats. Vegvesenet skriv at det starta klokka 09.10, og like før klokka 10.30 er sluttida rekna til å vere klokka 11.10. Rundt den tida blei trafikkmeldinga fjerna, og vegen er truleg i betre stand enn på morgonen.
ALLE GRANNAR SINE SAKER OM EKSTEVÊRET HER: Ekstremvêret Jakob
Klokka 09.50 melder ein tipsar om overvatn fleire stader på strekninga Innbjoa-Ølensvåg.
Like over klokka 13.30 har Vegvesenet framleis 15.55 som rekna sluttid for flaumen i Vats. Samtidig har det gått eit ras aust for Østebøhammaren nær Grønstad skule. Sveinung Stødle i Mesta på staden opplyser at ein formann i Mesta skal komme å vurdere om det er fare for fleire ras. Klokka 16.00 har Vegvesenet oppdatert den rekna sluttid for flaumen i Vats til 07.55 fredag morgon.
Denne videoen har Roberta Cibuskiene filma i Litledalen i Etne:
(Saka held fram under videoen)
K
Nabokommunar, kollektivtransport og ferjer
Også i nabokommunane til Grannar-distriktet skapar uvêret utfordringar med å komme seg rundt. På Fv520 Svandalsfossen i Sauda er det manuell dirigering som følgje av oversvømming. Vegvesenet skriv at det er fare for stengt veg. Per klokka 13.25 er sluttida rekna til klokka 15.25. Vegvesenet melder om flaum på Fv5024 ved Baugstrandsvegen 511 i Kvinnherad. Dei melder også om oversvømming på Fv5052 ved Fatland og på Fv500 ved Ranavik i same kommune.
Vêret fører til fleire endringar i Skyss sine buss- og båtruter i Vestland. Blant anna er bussrute 990 mellom Kinsarvik og Odda innstilt inntil vidare. Skyss skriv på si nettside at Rv13 er stengd nord for Tyssedal etter steinsprang. Bussar på linje 990 køyrer no mellom Kinsarvik og Voss. For ferja 1025 Kinsarvik-Utne er det gjort mellombels endringar. Skyss skriv at det blei køyrd ein ekstra tur kl. 13.05 frå Kinsarvik og kl. 13.45 frå Utne. Siste avgang kl. 20.05 frå Kinsarvik og kl. 20.45 frå Utne er innstilt.
Sjølv om det er store verknader rundt om på Vestlandet, er fleire av dei sentrale sjøsambanda førebels upåverka per klokka 14.00. Ferjesambandet Mortavika–Årsvågen på E134 over Boknafjorden mellom Bokn og Stavanger har framleis avgangar kvart kvarter, ifølgje oversikta frå Fjord1.
Torghatten har ei driftsmelding på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg på E134 over Bjørnafjorden mellom Bjørnafjorden og Fitjar kommunar, som er ferjesambandet ein bruker for å komme seg til Bergen frå Haugalandet. Eit planlagt reparasjonsarbeid går føre seg frå måndag til søndag. Torghatten skriv at i denne perioden vil vestre ferjekai i Sandvikvåg vere stengd, og all trafikk til og frå Sandvikvåg skal gå frå austre ferjekai. Dette medfører nokre forseinkingar. Til og med fredag er avgangane frå Sandvikvåg kl. 05.55 og 07.35, samt frå Halhjem kl. 06.45 og 08.40, kansellerte.
Snøggbåten frå Skånevik til Bergen, med byte på Leirvik, er framleis sett opp til å gå som vanleg klokka 16.20.
På grunn av flaumfare er riksveg 7 stengd ved Erdal bru i Eidfjord, melder Vegtrafikksentralen vest.
Riksvegen er stengd mellom Brimnes og Eidfjord i Hardanger.
Riksveg 7 går mellom Hardangerbrua i Ullensvang og Hønefoss i Ringerike. Vegen er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet og går over Hardangervidda og gjennom Hallingdal, melder NTB.
Har du tips eller bilete om flaumen eller andre hendingar knytt til esktremvêret Jakob i Etne eller Vindafjord? Del gjerne ved å sende til tips@grannar.no.
Andre saker om vêret: