Godt økonomisk resultat i Felleskjøpet Rogaland Agder
Konsernet sitt driftsresultat før avskrivingar enda på 176,2 millionar kroner, ein nedgang på 1,6 millionar frå året før. Grunna auka avskrivingar og finanskostnader får konsernet likevel eit noko svakare resultat før skatt. Konsernresultat før skatt var på kr 61,7 millionar av ein omsetning på kr 3,3 milliardar, skriv selskapet i ei pressemelding.
Salsinntektene i morselskapet enda på kr 2.901 millionar kroner; opp 47 millionar frå 2019. Selskapet opplevde ein stor auke i butikksalet med 100.000 fleire betalande kundar enn året før og ein omsetningsauke på 76 millionar. I løpet av året har bedrifta gjennomført over 2.500 ulike forbetringstiltak. Dette arbeidet har over tid bidrege med betydelege produktivitetsgevinstar.
Styret innstiller på kr 22,2 millionar i kjøpsutbytte til medlemmar, noko som utgjer 1,25 prosent på kjøp av tonnvarer og butikkvarer.