Godt levesett er oppskrifta på god helse
Det er ikkje fritt for at grusen sprett rundt hjula når Torleiv Nilsen gassar på oppetter grusvegen, med kona Berta Johanne bakpå. Med sekshjulingen Big Boss Polaris» kjem dei seg opp i lia på kort tid, og dei er glade for at dei har eit slikt godt hjelpemiddel. Sjølv om alderen på Torleiv snart passerer 92 og Berta Johanne blir 88 i løpet av året, bur dei framleis på heimegarden på Grønstad. Her har dei budd sidan 1961, der Berta Johanne har vore heimeverande og Torleiv kan sjå tilbake på eit langt yrkesliv som elverksjef i Skånevik og Ølen kraftlag.
I tillegg har dei drive ein liten gard med både kyr og sauer, men det har vore meir på hobbybasis. Sidan 2012 har det ikkje vore dyr på garden. Sjølv om dei har pensjonert seg og ikkje driv garden lenger, har dei nok å hengja fingrane i.
— Me kan jobba både dag og natt om me vil, for det er uendeleg mykje arbeid som må gjerast. Jorda er pakta bort til sonen Ove, og ein annan nabo-bonde har sauene sine på beite her, seier Torleiv som har vore pensjonist sidan 1993.