På tampen
Gode fang
Det rauk opp til religionsdebatt i agurktida i år. Det var ho Hilde Sandvik som fekk æra av å vera gjest i radioprogrammet Sommer i P2». Sjølvsagt måtte ho innom oppveksten der inne i Erfjord, og all religionsutøvinga ho vart utsett for då. Dette var det fleire som fekk med seg, ikkje minst kommentatoren i avisa Dagen, Sofie Braut. Akkurat kva det gjekk i er ikkje så godt å seia, for saka låg bak betalingsmur, men det spreidde seg på verdsveven, og vart vel nesten ein snakkis, for dei som har nokon å snakka med.
Eg vurderte aldri å hiva meg frampå og vera med, sjølv og eg absolutt meiner meg å vera kvalifisert. Trass alt var eg tidleg i livet aktiv i så vel den ytre, som den indre kvinneforeininga på Sørstrondo. Desse kvinneforeiningskjerringane hadde så gode fang til å sitja på. Eg sat der ofte, og eg sat der lenge. Dei hadde mykje anna godt å by på og. Ein gong fekk eg så mykje godt, at det vart for mykje godt. Eg sat der og kjende at det ville oppatt, alt dette gode. Eg sleppte meg ned på golvet, og skunda meg mot kjøkenet og utslagsvasken. Eg nådde nesten fram, før eg spydde ut over kjøkengolvet. Det må ha vore den ytre kvinneforeininga som var samla, for dei heldt til i tante Jorunn si stova. Eg høyrde at dei analyserte situasjonen. Det var tydeleg at eg hadde kjent det koma, og gjort mitt beste for å nå fram til kjøkenet og utslagsvasken. Eg hadde opplagt synt den gode vilje, og kjende meg både tilgjeven og frelst.
Kva som elles var av teologiske utgreiingar har eg ikkje lagt meg på minne, men eg hugsar at ein gong var tyggjegummi eit heitt tema. Det var ikkje lov å tyggja tyggjegummi i skulen. Det meinte dei var heilt rett, og nett som det skulle vera. Kva folk elles gjorde heima og på fritida fekk nå vera opp til kvar og ein. Dei såg ikkje så mykje gale i det, men når borna sat og drog tyggjegummien ut av munnen og togg han i seg gong etter gong, då var det ufjelgt. Og så var det somme som ville sværa seg med å blåsa opp bobler heilt til dei sprakk. Det var vel noko dei hadde lært av fjernsynet, det var i alle fall ikkje noko dei hadde med seg heimanfrå. Og så var det nå det, at det var ikkje så lange stunda før den gode smaken i tyggjegummien var borte, og då klinte dei han opp under bord og stolar på forsamlingshuset. Det var no så, det var nå berre å ta seg ei tuksa no og då og skrapa det vekk med ein bordkniv. Det som verre var, og dei meinte at det var gutungar som fann på sånt, og dei kunne ikkje skulda på tankeløysa heller, nei dei gjorde det beint fram på fant. Dei la tyggjegummien frå seg oppå stolane. Når kvinneforeiningskjerringane kom der og var i farten, og ikkje sansa seg og såg seg føre, før dei sette seg, vart tyggjegummien sitjande fast bak på kjolane. Det var noko svineri. Om dei prøvde å skrapa det bort med noko kvast, vart det lett merkje på tøyet, og prøvde dei å vaska det bort med noko sterk, kunne det lett ta fargen. Nei, det besta var beint fram å ta heile kjolen og leggja han i fryseboksen natta over, då var det berre å bøya litt på tøyet, så lausna det fint. Det var det som var det besta.
Steinar Aalvik