God start på julesesongen
Laurdag var det opning av jul i Drivhuset i Etne. Både utstillarar og dei som tok turen, var godt fornøgde med dagen.
— Dagen blei akkurat slik me ønskte det. Folk kosar seg, seier Yvonne Sandgren, som er blant arrangørane på Drivhuset.
Litt av alt
Opninga baud på alt frå lokalproduserte varer og kafé til aktivitetar for barn. I tillegg vart det boklansering av Jan Terje Rafdal si nye bok Kattenes Kriminalprotokoll – Andet Bind, og markering av tiårsjubileet til Yvonne Sandgren sin klesbutikk Prikkar.