God driv i skisporten
Andre juledag blei Julerennet arrangert på Korlevoll skistadion, og 14-åringen Tage Aarekol var ein av dei som viste godt igjen i løypa. Han var ikkje den einaste vindafjordingen som imponerte i løypa.
Vindafjord idrettslag si skigruppe er i vekst, og fleire gjer det svært bra på resultatlistene. Mange unge skiløparar har også kome til den siste tida, og andre juledag gjekk det tradisjonsrike Julerennet av stabelen på Korlevoll.
— Eg trur det er riktig å retta litt av æra til Sindre Knutsen og Andreas Madsen som er skitrenarar i Vindafjord IL. Dei har også vore aktive med å få dei yngste i 8-årsalderen med på rulleski, og det gir resultat, seier Terje Aarekol som er far til trekløveret Tage (14), Aurora (16) og Ragnhild (18) Aarekol.
Gode resultat