Vinmonopolet søkjer om salsløyve i fire nye år i Etne.Arkivoto: Jon Edvardsen
God auke for polet lokalt
Salet på drikkevarer frå Vinmonopolet har på landsbasis auka med 15 prosent i første halvår, i forhold til same periode i 2020. Lokalt har salet auka med 9 prosent i Ølen og 19 prosent i Etne. Det betyr nødvendigvis ikkje at me drikk meir enn før.
Auken i salet for Vinmonopolet er ifølgje kommunikasjonssjef Jens Nordahl koronarelatert. 12. mars i fjor blei det full stopp i grensehandelen og på taxfree, noko som har medført ein vekst i salet for Vinmonopolet.
— I takt med at samfunnet sakte blir opna opp igjen, er salsveksten redusert betydeleg utover våren og sommaren. I januar og februar var samla vekst på 37 prosent, i mars og april var veksten på 15 prosent, mot ein samla vekst på 3 prosent for mai og juni, seier Nordahl.
Forventa moderat nedgang