Mariann Sydnes sit godt i sin nye kulturleiar-stol på Skakke i Etne. Dette har vore plassen hennar den siste månaden, og ho trivst godt.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Gler seg til å spela saksofon
Den nye leiaren for kultur i Etne kommune, Mariann Sydnes (55) flytta frå burettslag i Oslo til frittståande einebustad i Skånevik. Noko av det beste ved dette, er at på Ytre Nes kan ho endeleg få spela saksofon.
Vedunderet kom i hus sist fredag. Ein flunkande ny saksofon, som Mariann Sydnes allereie har byrja å gjera seg kjend med. Draumen har lenge vore ein saksofon, men når ein bur i fuglehus» i storbyen med naboar på alle kantar, er det ikkje så lett å øva. Då er det betre med eige hus, og litt plass mellom naboane. Ansiktet lyser opp når ho snakkar om saksofonen sin, og det er tydeleg at eit slikt blåseinstrument har den nye kultursjefen sett fram til å eiga i lang tid.
— Då eg var lita og budde på Halsnøy starta eg i musikkskulen som 10-åring. Då spelte eg orgel, og i løpet av dei neste seks åra gjekk eg også over til kyrkjeorgel. På musikklinja på Skeisvang vgs i Haugesund hadde eg lyst til å spela saksofon, men det var ingen som kunne vera læraren min, så då blei det også kyrkjeorgel på vidaregåande. Men heilt sidan den gong har målet vore å kjøpa ein saksofon. Og no er han i hus, seier ho.
Likar seg på bygda