Fjerdeklasse ved Enge skule serverte flott song til dei eldre på omsorgssenteret.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fjerdeklasse ved Enge skule serverte flott song til dei eldre på omsorgssenteret.
Aslaug Horneland og Grete Grindheim koste seg på haustfesten.Foto: irene Mæland Haraldsen
Aslaug Horneland og Grete Grindheim koste seg på haustfesten.
Peder August Hornenes Sørheim og Jenny Skårdal likte godt å opptre for dei eldre.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Peder August Hornenes Sørheim og Jenny Skårdal likte godt å opptre for dei eldre.
Mari Teigland, Hans Ekrheim og Tuva Sævareid Åbø las dikt.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Mari Teigland, Hans Ekrheim og Tuva Sævareid Åbø las dikt.
Gjestene på haustfesten fekk servert både god mat og flott underhaldning. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Gjestene på haustfesten fekk servert både god mat og flott underhaldning.

Gledde dei eldre med vakker song

Bebuarane på Etne omsorgssenter fekk seg ei koseleg overrasking då ein gjeng songglade fjerdeklassingar frå Enge skule kom på besøk for å syngja og lesa dikt under den årlege haustfesten.

Publisert Sist oppdatert

Inne i foajeen på Etne omsorgssenter er det pynta til fest. Festborda er dekka med kvite dukar, haustblomar, lys og fargerike serviettar, og ute på kjøkkenet er personalet i full sving med dagens meny som består at viltgryte med moltefromasj. Haustfesten på Etne omsorgssenter er eit fast innslag kvar haust og eit flott høve for bebuarane til å samlast til god mat og drøs. Men før gjestene kan innta festmåltidet står litt underhaldning på programmet. Denne dagen er det fjerdeklasse-elevar ved Enge skule som har tatt turen til omsorgssenteret for å gleda dei eldre, og ein etter ein marsjerer dei inn i festlokalet til stor begeistring frå festgjestene.

Aslaug Horneland og Grete Grindheim koste seg på haustfesten.

— Det er alltid kjekt med arrangement og det er flott at omsorgssenteret steller til. Og spesielt kjekt er det at ungane kjem. Eg har jobba i barnehage og set pris på at ungane kjem på besøk, seier 76 år gamle Aslaug Horneland og kosar seg på haustfesten.

Sjølv har ho budd på omsorgssenteret i snart to år og stiller alltid opp når det er eit arrangement på gang.

— Det er veldig fint at det skjer noko og at ein kan treffa andre, seier ho.

Song og dikt

Dei unge songarane opnar songstunda med Etnesongen Etne du fagre, etterfølgt av barnesongane Reven, rotta og grisen og Blåmann Blåmann.

Peder August Hornenes Sørheim og Jenny Skårdal likte godt å opptre for dei eldre.

Diktlesing står også på programmet denne dagen og når første songøkt er over gjer elevane Mari Teigland, Hans Ekrheim og Tuva Sævareid Åbø seg klar med diktboka. Med stor innleving les dei kvart sitt dikt og haustar stor applaus frå festgjestene.

Den koselege songstunda går raskt mot slutten og snart er det tid for skuleungane å setja kursen tilbake til klasserommet.

— Det var veldig kjekt å syngja og spennande å vera her, seier Jenny Skårdal og Peder August Hornenes Sørheim etter at klassen er ferdig med dagens framføring.

— Me har øvd ganske mykje og me var ikkje nervøse. Me har vore med tidlegare og var her i fjor også, seier dei.

Mari Teigland, Hans Ekrheim og Tuva Sævareid Åbø las dikt.

Aktivitetar

Gjestene på haustfesten fekk servert både god mat og flott underhaldning.

Etne omsorgssenter byr på ei rekkje aktivitetar for dei eldre. I tillegg til den årlege haustfesten for bebuarane blir det arrangert julebord der bebuarane får høve til å ha med seg ein pårørande. Ein gong i veka er det mogleg å prøva vinnarlukka under den faste bingoen arrangert av frivilligsentralen eller testa songstemma når KM Karane frå Etne stikk innom for å leda allsongstunda. Omsorgssenteret inviterer også til faste andaktsstunder, og innimellom er det duka for konsertar med utanbygds artistar.

— KM Karane kjem ein gong i månaden og syng saman med oss. Då er det allsong. Elles har me bingo og artistar som kjem og underheld. Då stiller dei fleste bebuarane opp, seier Horneland nøgd.

Powered by Labrador CMS