Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port gler seg over at regjeringa opnar for meir havvindsatsing.
Pressefoto: Westcon Yards
Glad for nye havvindområde
Regjeringa gir Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å starte strategiske konsekvensutgreiingar av tre havvindområde som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025. Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port/Dommersnes AS håpar på ringverknadar på Dommersnes i Vikebygd.
— Det gir oss fleire moglegheiter, og forhåpentlegvis meir jamn prosjektstraum framover, noko som kan gi faste arbeidsplassar, seier dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port som reaksjon på nyheita som blei offentleggjort i ei pressemelding på Regjeringa si heimeside torsdag.
Ueinige om habilitet
Windafjord Port er eit selskap som blei oppretta tidlegare i år for å utvikle det cirka 500 mål store området på Dommersnes i Vikebygd som er regulert til industri til produksjon og samanstilling av havvindmøller. Vindafjord kommune og Westcon eig 50 prosent kvar.