Jens Sævareid gir Torill Skrede ei snei av ekte heimelaga geitost frå Skjold gard. — Ein ost med rundt og fin smak, seier Skrede.Foto: Grethe Hopland Ravn
Jens Sævareid gir Torill Skrede ei snei av ekte heimelaga geitost frå Skjold gard. — Ein ost med rundt og fin smak, seier Skrede.
Siri Lundal Hustveit sto på stand for Johs. Lundal sine kjøtprodukter. Mange kundar fekk kvar sin smaksprøve
Siri Lundal Hustveit sto på stand for Johs. Lundal sine kjøtprodukter. Mange kundar fekk kvar sin smaksprøve

Glad for å visa fram kortreist mat

Mange små lokalmatleverandørar opplever det som krevjande å få ein fot innanfor dørstokken på store daglegvarekjedar. For ikkje å snakka om produkt i kjøledisken. Lokalmatveka er derfor svært viktig, meiner osteprodusent Jens Sævareid.

Publisert Sist oppdatert

Side om side i daglegvarebutikken Extra i Etne sto det til saman elleve lokalmatleverandørar frå både Hordaland og Rogaland i førre veke. Frå Grannar-distriktet var Johs. Lundal frå Åkrafjorden, Jens Sævareid frå Skjold gard i Stordalen og Skakkelaks frå Sørstranda representert. Alle tre med sine lokale produkt.

Jens Sævareid har dei siste sju åra drive med geiter og ysting av geitost, og mange fekk seg både éin og to smaksprøvar av den ferske osten frå Skjold gard.

— Eg har smakt mykje geitost i mitt liv, men denne var verkeleg rundt og fin i smaken. Den må vera ganske feit? seier butikkunde Torill Skrede.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS