Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Formannskap var heilt einige i å gi pengar til Ølensrussen sin aksjon. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Formannskapet i Vindafjord under sitt førre møte.

Gir pengar til russen

Publisert Sist oppdatert

Løyvinga blir teken frå formannskapet sin disposisjonskonto. Søndag 23. mars gjekk russen ved Ølen vidaregåande skule (vgs) frå dør til dør for å samla inn pengar til forsking på gentesting for kreftpasientar. Ifølgje Kreftforeningen si oversikt har Ølenrussen per 14. april samla inn over 60.000 kroner.

Historisk har russen ved Ølen vgs gjort det sterkt i denne innsamlingsaksjonen. Både i 2023 og 2024 fekk dei ei gullbøsse frå Kreftforeningen som bevis på at dei samla inn mest per bøsse i Rogaland. I 2024 fekk dei òg ei gullbøsse for å ha samla inn mest totalt i fylket.

I fjor samla dei inn heile 117.000 kroner i bøssene, noko som gjorde at dei blei den russen i Rogaland som samla inn mest pengar per bøsseberar. Som ei påskjøning fekk dei tildelt to gullbøsser frå Kreftforeningen. Den digitale innsamlinga heldt fram heilt til sommaren og nådde 87.000 kroner. I tillegg vedtok Etne kommune å støtta aksjonen med 5.000 kroner.

Powered by Labrador CMS