Gert er tilbake med sine unike kunstverk
Det er kring ti år sidan siste Gert Eilerås hadde utstilling på Etnemarknaden. Sidan den tid har det kome nye motorsyklar og kunstverk i samlinga hans. Han ser fram til å kunne gi dei besøkande eit innblikk i kven han er gjennom den kreative kunsten.
— Det er ei ære å bli invitert hit til Etnemarknaden igjen. Det gir meg ein sjans til å uttrykke kunsten min og gi folk eit innblikk i kven eg er, seier Eilerås.
Frå Texas til Etne